Smittevernlege Marius Solbakken oppfordrar alle dei som er omfatta av kokepåbodet om å setje seg inn i og følgje råda frå Folkehelseinstituttet og Mattilsynet.

Det er sendt ut SMS til dei som er omfatta av varselet. Årsaka til at det er sendt ut varsel er at kommunen vurderer at vasskvaliteten no er usikker, og vatnet inneheld bakteriar som kan gje sjukdom. Koking drep mikroorgannismer som virus, bakterier og parasittar, skriv kommunen på heimesidene sine.

Klare råd:

1) Vatnet må fosskoke. Ein vasskokar vil normalt bringe vatnet til fosskoking før den slår seg av, og det er nok. Ved bruk av mikrobølgeovn må ein forsikre seg om at vatnet fosskokar.

2) Avkjøling: Etter at vatnet har fosskokt, skal vatnet avkjøle seg naturleg, uten tilsetjing av isbitar eller liknande. Dersom vannet er partikkelholdig/grumsete slik at det er behov for å filtrere vatnet, skal dette gjerast før koking slik at ein unngår at vatnet blir forureina på nytt.

Utanom drikke, bør du bruke kokt vatn til:

  • All mat som ikkje skal kokast eller varmebehandles over 100 °C

  • Utblanding av saft, og andre produkt som skal etast eller drikkast.

  • Kaffi. Kaffitraktaren din kokar ikkje vatnet, vatnet som du heller i kaffitrakteren må difor vere kokt på førehånd. Andre typer kaffimaskiner bør sjekkast med forhandlar.

  • Vatn til isbitar

  • Skylling av frukt, salat og grønnsaker som ikkje skal kokast

  • Tannpuss

Ukokt vatn kan brukast til:

  • Koking av mat

  • Handvask. Hendene skal vaskast med såpe, skyllast og tørkast etterpå

  • Dusjing og karbad: Ein kan dusje og bade som normalt ved kokeanbefaling, men har ein dårleg immunforsvar i kombinasjon med opne sår, anbefalast ein rask dusj (ikke karbad) og at ein tørker seg godt etterpå. Pass på ikkje å svelge vann. Ha særleg kontroll med små barn.

  • Manuell oppvask og oppvaskmaskin: Ved oppvask for hand må oppvasken skyllast med kokt, varmt vatn og tørkast godt. Oppvaskmiddel med desinfeksjonseffekt er ikkje tilstrekkelig. For å oppnå god desinfeksjonseffekt i ei oppvaskmaskin må programmet ha ein temperatur på minimum 65 ºC når det brukast vanlege hushaldningsmaskiner med programlengde på 1 time eller meir. La oppvasken stå og lufttørke.

  • Klesvask

  • Reinhold i huset

  • Anna bruk heime

Barn bør ikkje leike med vatnet i hagevatningsanlegg, eller bade i barnebasseng i periodar med kokevarsel.