Vest politistrikt har i kveld blitt kontakta av fleire personar som har blitt forsøkt utsett for bedrageri, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding laurdag kveld.

Personane skal ha blitt ringt opp frå eit mobiltelefonnummer (90722145) som er registrert på Vest politidistrikt.

– Personen som ringer opplyser å vere tilsett i Vest politidistrikt. Vedkommande hevdar at dei som vert ringt opp er utsett for bedrageri og ber dei gi frå seg personlege opplysningar slik at saka kan etterforskast.

Dette er svindel, og dei som blir ringt opp må ikkje gje frå seg verken personleg informasjon eller bankopplysningar, oppmodar politiet.

Om nokon har blitt ringt opp og svindla, kan dei kontakte politiet på tlf.: 47696060. Eventuelle forsøk på bedrageri kan ein anmelde på Politiet.no, opplyser politiet ved politioverbetjent Marianne Føleide.