– Det ser ut som det er ein bil som har stått parkert med fleire personar rundt bilen. Så har det kome ein bil som har køyrd inn i både bil og personar. Det er i kvart fall tre skadde. Dette er ei alvorleg hending, seier operasjonsleiar Frode Øvreås i Innlandet politidistrikt til Gudbrandsdølen Dagningen.

Innlandet politidistrikt fekk melding om ulykka klokka 14.58. Det skal vere snø og veldig glatt på staden. Ulykka har skjedd på riksveg 15 ved Nysætre.

OPPDATERT: Ifølge Nettavisen skal tre personar vere alvorleg skada. Ytterlegare fem personar er teke med til legevakta.

Politiet opplyser til avisa at pasientane er frakta bort i luftambulanse og ambulansar.

Vegen var stengd i begge retningar i ei periode, men eitt felt vart opna igjen klokka 17.30. Ved 19-tida vart rv. 15 open for nomal ferdsel.

– Forholdet vert etterforska vidare. Vi har ingen nye oppdateringar på dei skadde, årsaksforhold eller anna, melder politiet fredag kveld.