– Utsjånaden vil vere noko annleis enn før med nytt design. Så har vi fjerna + teiknet og standardisert merkinga av abonnent-sakene våre, seier redaktør Bengt Flaten.

Dei aller fleste les no nettsaker via mobiltelefon, difor er den nye nettutgåva optimalisert med tanke på lesing på mobilskjerm.

– Eit anna framsteg med den nye nettsida, er at det er enklare å søkje opp artiklar, og der ein kan sortere søk etter dato, relevans, publiseringstidspunkt etc. Skal du gjere eit eksakt søk etter ein person eller ei bedrift, er trikset å bruke anførselsteikn framom og bakom namnet ein søker etter.

Her er Snarveg til søkemotor

Den nye nettsida gjer det mellom anna mogleg å presentere feature-reportasjar i eigen mal. Her vil og vere mogleg å leggje inn varsel ved dramatiske hendingar.

– Journalistar har sjølv vore med i utviklinga av det nye systemet som verkar godt og intuitivt i bruk. Det er litt å setje seg inn i, så lesarane får ha tolmod med oss om det skulle bli nokre innkøyringsproblem, seier journalist Roger Oldeide.

– Både vi som jobbar i avisa og de som lesarar skal no bli kjende med det nye designet og nye moglegheiter på ny plattform. Og uansett ny innpakning: Innhaldet er som før lokale nyhende og reportasjar med hovudfokus på Stryn og Hornindal. Tips oss gjerne om saker du vil vi skal skrive om, seier redaktøren.