Etter den andre konkurransedagen på årets Landsskyttarstemne i Stjørdal tok ytterlegare to lokale seg til finale i sine klassar.

Sandra Vindfjell Frøholm, Utvik og Innvik, skaut 30 treff på like mange skot, der 16 av desse var innertreff. Med dette resultatet kvalifiserte ho seg for finalen frå klasse felt 100 meter, Junior, som er på førstkomande fredag. I denne klassen skaut også Kristian Lotsberg frå Nordbygda og Rand. Han enda på 28 treff med 18 innartreff.

På bane 200 meter, klasse V55 skaut Leiv Reksten frå Nordbygda og Rand 244, og sikra seg dermed ein finaleplass på Landsskyttarstemnet. I same klasse skaut både Bjarne Eriksen, Nordbygda og Rand, og Arild Fure, Stryn, 241. Dette haldt dessverre ikkje til finaleplass.

Sivert Vindfjell Frøholm skaut sjølv på bane i klasse eldre rekrutt. Han enda på 244.

I felt 200 meter, klasse 2 var der tre deltakarar frå Nordbygda og Rand. Best av desse var Sigurd Muldsvor med 24 treff, der 11 var innartreff. Etter han fulgde Knut Muldsvor (22/10) og Oda Constanse Ludvigsen (21/7).