Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide, begge frå Markane IL, leverte solide resultat på dagens Birkebeinerritt for ungdom.

I klasse J15 sykla Emilie inn til ein 10. plass, berre sekund unna både 9. og 8. plassen. Like bak henne fulgte Maren som nummer 11.

På Birkebeinertrippelen, som er resultata frå langrenns-, løps- og sykkel-birken lagt saman, ligg Emilie og Maren på henhaldsvis 4. og 5. plass.