Ein bil køyrde i morgontimane i dag i fjellveggen på Staveneset i Stryn, melder politiet.

Føraren gjorde forsøk på å svinge unna for å unngå å køyre på ein hjort, men gjekk dermed rett i fjellveggen. Bilen vart totalvrak, men det vart ingen personskade. Hjorten vart ikkje skada, opplyser politiet.