Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane må gje skriftleg forklaring overfor kontrollutvalet i fylkeskommunen. Dette etter at NRK Sogn og Fjordane avslørte at konsulentane som vart brukt under salsprosessen av Fjord1 har fått utbetalt over 300.000 kroner utan å levere kvitteringar.

Utbetalingane er i følgje NRK gjort til dekking av utgifter konsulentane skal ha lagt ut i samband med rådgjeving i Fjord1-saka, mellom anna flyreiser og servering. Men ingen bilag skal vere lagt ved. Dermed er det heller ikkje mogleg å kontrollere kva pengane er brukt til.

Før kontrollutvalet bestemte seg for å sjå på saka sa fylkesrådmannen til NRK at han ikkje tok sjølvkritikk. Han viste til at praksisen med ikkje å krevje innsyn i bilag er fullt lovleg og godkjend av fylkeskommunen sin revisor.

Det er fornuftig at kontrollutvalet ser på denne saka. Først og fremst for å sjå om fylkeskommunen sitt regelverk er brote. Men kontrollutvalet bør og interessere seg for kva reglar fylkeskommunen har for denne type utbetaling. Sjølv om konklusjonen måtte bli at utbetaling har skjedd innafor gjeldande regelverk, bør det bekymre både politikarar og administrasjonen i fylkeskommunen dersom ein kan betale ut 300.000 kroner av det offentlege sine midlar utan dokumentasjon. Om fylkesrådmannen ikkje tek sjølvkritikk fordi praksisen er lovleg, bør han i det minste vere oppteken av fylkeskommunen sitt omdømme.

Vanlege arbeidstakarar både i det private er det offentlege må leggje fram dokumentasjon i form av kvitteringar for dei fleste type utgifter i samband med jobb. Det skulle berre mangle. Når fylkeskommunen betalar ut 300.000 kroner for kostnader Fjord1-konsulentane krev refundert, er det ugreit både i forhold til omdømme og fylkeskommunen sin manglande kontroll på om kostnadene dei refunderer er rimelege og rettmessige.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør