Heile 241 norske mediehus er med i teljinga, og desse står for eit samla opplag på nær 2,6 millionar, ifølgje tal frå Mediebedriftenes Landsforbund.

Fjordingen er ikkje åleine om auka oppslutning 2. halvår 2022. Samtlege aviser Polaris Media eig på Nordvestlandet kan vise til vekst.

– Det er ekstra gledeleg, når totalopplaget for alle avisene i landet er ned 0,5 prosent i same periode, seier Fjordingen sin redaktør, Bengt Flaten. Som takkar kvar einaste abonnent for tilliten.

Fjordingen-redaktøren ser at Viken er fylket med dårlegast utvikling. Her er det berre to av totalt 26 mediehus som kan vise til auke.

Målingane viser som trend at lokalavisene står seg best, men det finst og nasjonale mediehus som har vekst.

– At målinga omfattar 241 mediehus med eit samla opplag godt over 2,5 millionar kroner, seier mykje om mediemangfaldet i landet vårt, seier Flaten. Som poengterer den store skiladen mellom redaktørstyrte medier og sosiale media.

– Falske nyheiter spreier om seg. Det same gjer saker og ytringar på sosiale medier, der det ikkje har vore ein redaktør inne og gjort vurderingar verken om innhaldet er sant eller om innhaldet krev samtidig imøtegåing frå den som vert utsett for skuldingar. Kanskje har du sjølv blitt utsett for slikt i sosiale media og følt deg makteslaus? Då veit du og at det ikkje er lett å forsvare seg. Sosiale media har ingen redaktør du kan ta kontakt med, dersom du føler deg krenka eller urettvist behandla, seier Flaten.

Trenden i Norge er og at tal digitale abonnentar går opp, og tal abonnentar som vil ha papiravisa går ned. På landsbasis utgjer det digitale opplaget no 58 prosent.

– For mange av lokalavisene er situasjonen anleis. Mange av abonnentane våre ønskjer framleis å lese lokalavisa på papir. For Fjordingen er andelen reine digitale abonnentar 40 prosent, seier Flaten.

Slik er opplagstala for 2. halvår 2022, (andre halvår 2021 i parentes)

Fjordingen 3.902 (3.878)

Fjordabladet 3.172 (3.136)

Fjordenes Tidende 4.635 (4.587)

Firda Tidend 2.996 (2.925)

Møre-Nytt 5.060 (5.036)

Møre 3.045 (2.976)

Sunnmørsposten 27.025 (26.834)

Nyss 3.955 (3.786)

Vikebladet Vestposten 4.576 (4.494)

Fjuken 3.805 (3.810)

Firda 11.298 (11.458)

Sogn Avis 9.613 (9.487)

Firdaposten 4.837 (4.912)