Dersom fylkestinga i dei to fylka støttar intensjonsplanen som forhandlingsdelegasjonane har signert, vert Hordaland og Sogn og Fjordane eitt fylke frå 2020. Bergen vertadministrasjonssenter for den nye regionen.Administrasjonssjefen/rådmannen og den politiske leiinga kjem til åsitje her. Eitt av dei store diskusjonsemna, nynorsken, vart det også semje om. Den nye regionen får nynorsk somadministrasjonsspråk og statleg tenestespråk. Forhandlingsutvala ersamde om at namnet på den nye regionen, som får om lag 630 000innbyggjarar, vert Vestlandet.

Den administrative leiinga forvegsektoren og kultursektoren skal liggje i Sogn og Fjordane, medanHordaland får det administrative ansvaret for opplæring og idrettog kollektivtransport. Næring vert delt i to, med tolikestilte sektorleiarar med ansvar for kvart sitt av dagens fylke.Sektorleiaren for opplæring skal sitje i Hordaland, men plan- og strategiansvaret for sektoren vert delt i to.Hordaland får ansvaret for den vidaregåande opplæringa ibergensområdet, medan dagens Sogn og Fjordane får ansvar forresten av regionen.

Intensjonsavtalen legg opp til tilsvarandedeling av plan- og strategiansvar for kultursektoren ogvegsektoren.

Etter to dagar med krevjande forhandlingar signerte fylkesordførar Jenny Følling iSogn og Fjordane og fylkesvaraordførar Pål Kårbø i Hordalandintensjonsplanen i ettermiddag.

– Vi harhatt som utgangsp unkt at Vestlandet skal organiserast slik atregionen samla kjem sterkare ut i eit godt samspel mellom distriktaog byområda. Det meiner vi at vi har lukkast med. Vi har kome framtil ein balansert intensjonsplan, som tek i vare begge fylka. Vihar anerkjent kvarandre og skilnadane mellom oss og laga eiorganisering utifrå dette, seier Følling og Kårbø i ei pressemelding.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane skal handsameplanen 2. februar og fylkestinget i Hordaland dagen etter.

– Eg erspesielt nøgd med at vi har fått til eit eige Sogn ogFjordane-fond, der også SFE-aksjane skal liggje, og at vi får eitstrategisk ansvar for den vidaregåande opplæringa i distrikta. Vier gode på opplæring i Sogn og Fjordane, og det skal vi ta med ossvidare, seier Jenny Følling.

Utvala er samde om at oppgåver innanalle fagområde skal framleis kunne utførast i begge dagens fylke.Den politiske organiseringa innebereit regionting og eit regionutval til erstatning for fylkestingog fylkesutval. Grunnstrukturen inkluderer også fire hovudutval –for næring, opplæring og idrett, samferdsle og kultur. Møte i alledei politiske organa vil i utgangspunktet bli haldne i Bergen, mendet skal også finne stad årlege møte i dagens Sogn og Fjordane.Hovudutvala og regionutvalet skal vere fleksible og ha møte andrestadar i regionen.

Eit viktig vilkår er at den nye regionen får tilført nyestatlege samfunnsoppgåver, samt at ein får behalde deifylkeskommunane har i dag. Ein anna føresetnad for samanslåing erat det faktisk vert ei regionreform, altså at tal folkevalderegionar vert om lag ti. Dei to forhandlingsutvala legg også tilgrunn at fylkesmannsembetet skal leiast frå Sogn og Fjordane, meddesentralisert forvaltning i begge dagens fylke.

Intensjonsplanen opnar for at Sogn ogFjordane kan eit eige investerings- og disposisjonsfond. Dersomfylkeskommunen vel å gjere dette, kan heile utbytet fråFjord1-salet og det fylkeskommunen måtte ha av aksjeverdiar iSFE/SF Holding plasserast i dette fondet.