Bergensfirmaet Haugen Transport & Maskin deltek på Motorfestivalen for fjerde gong. Med seg til Stryn har dei seks store køyretøy.

- Dette er kjempegreier. Godt arrangement og strålande ver. Då går det knapt an å ha det betre, seier Tor Gunnar Haugen og Roy Åge Haugen.

Desse snutebilane er mellom dei vel hundre storbilane som står utstilte i området ved Strynehallen. Foto: Harald Vartdal

Eit hundretals storbilar står oppstilte i området rundt Strynehallen. Desse vil ein også få sjå i paraden på ettermiddagstid.