Statens vegvesen hadde torsdag tungtransportkontroll ved Kjøs bru, på Folven i Oppstryn, på Nordfjordeid og på Lefdal.
Personell på kontrollen var samansett av kontrollørar fråNordfjordeid, Førde og Sogndal.
Tre sjåførar vart melde for brot påkøyre- og kviletida, medan fem sjåførar fekk advarsel for mindre brot påkøyre- og kviletida.
Tre sjåførar måtte sikre lasta betre før dei fekkkøyre vidare, fem sjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontruta før vidarekøyring, og ein sjåfør fekk gebyr for ikkje å ha med førerkort under køyring. Vidare var to vogntog for tunge, og sjåførane fekk gebyr for overlast.
Det vart også utferdaeitt gebyr til ein busspassasjer som ikkje nytta bilbelte.
I alt vart 76 køyretøy kontrollerte, skriv Statens vegvesen i sin kontrollrapport.