Han tek for tida doktorgrad i samfunnsøkonomi på Universitetet i Oslo, og forskar på korleis ein burde samanlikne interessene til dagens generasjon med interessene til framtidige generasjonar i kollektive avgjerder.

– Med jamne mellomrom møtast ein, det er sjette gangen det skjer. Det er eit møte mellom 20 nobelprisvinnarar og 350 lovande forskarar innan økonomi. Tanken er at dei unge forskane inkludert meg, legg fram forskinga si og får innspel frå kvarandre og nobelprisvinnarane. Det er og sett opp ei rekke samtalar mellom nobelprisvinnarar om aktuelle tema.

– Eg er veldig spent og nervøs, men eg gledar meg og til å presentere for fem nobelprisvinnarar innan økonomi som skal vere opponentar. Dette er folk som har skrive lærebøkene eg har hatt i studiet, og eg føler det er eit stor privilegium å få innspel frå dei på forskinga min.

Klimautfordringar

– Eg og ein annan ung forskar skal diskutere klimautfordringar med ein nobelprisvinnar i fysikk. Dette skal filmast, og blir lagt ut på nett i ettertid, seier Nesje.

– Eg trur det vil bli ei veldig engasjerande og lærerik veke, kor eg og vil lære nye ting om framgangsmåte i forsking og bygge nettverk med andre unge forskarar, seier Bø Nesje.

– Drøymer du om å vinne ein nobelpris?

– Det er veldig vanskeleg å vinne ein nobelpris, og da må det vere ein god ide som bryte med tenkinga som er «status quo». Eg ønsker hovudsakleg å drive teoretisk samfunnsøkonomi framover, og engasjementet mitt for faget og samfunnet er den største motivasjonen min. For å halde ut i akademia må ein først å fram like å forske, og ikkje tenke så mykje på kva prisar ein eventuelt kan vinne, seier Bø Nesje.

– Eg gledar meg spesielt til å møte Peter Diamond. Han har drive med forsking på det same som meg, seier Bø Nesje.

For lågt ambisjonsnivå

Frikk Hugo forskar på effekten investeringar vi som samfunn gjer i dag vil ha for framtidige generasjonar.

– Konsekvensane for framtidige generasjonar burde vere meir i fokus når vi tek avgjersler om kva slags investeringar Norge skal gjere. Internasjonalt sett er ambisjonsnivået for å ta vare på klimaet til framtidige generasjonar alt for lågt. Alle landa tenker for det meste på sine eigne utslepp, og tek ikkje nok omsyn til korleis handlingane deira vil påverke andre land. Det er derfor sentralt at nasjonane kjem saman og samkoordinerar seg for å overkomme dette problemet, forklarar Bø Nesje.

Frikk Hugo Bø Nesje skal presentere arbeidet sitt for Lars Peter Hansen, Finn E. Kydlan, Edward C. Prescott, Cristopher A. Sims og Christopher A. Pissarides. Alle er høgt anerkjente professorar innan samfunnsøkonomi og har vunne nobelprisar.