Vi starta vårturen vår søndag 29 mai. Første stopp var på Skei før vi reiste vidare til Leikanger Fjordhotell for lunsj. Vidare over Vikafjellet møtte vi snøbyer, men denne vegen har og mange fine fossar å sjå på.

Hardanger og Ullensvag Hotell tok imot oss på ein framifrå måte. Ute skein sola i kapp med regnbyene.

På dag to besøkte vi Baroniet Rosendal, der vi hadde dagens lunsj. Turen over Haukelifjell er eit flott syn, også for godt vaksne menneske. Smal veg og fine fossefall stupar nesten rett ned i vegbana.

På Strand Hotell i Vrådal overnatta vi to netter. Neste dag var vi på Telemark-kanalen i båten «Viktoria» som er den elsdte båten i drift. Båtturen gjekk frå Ulefoss til Lunde. På veg tilbake til hotellet kunne vår eminente sjåfør teste nervane på passasjerane då vi køyrde 20 km på ein veg som ikkje var berekna for buss, men det gjekk bra. På dag fire reiste vi inn i Hallingdal og Rukan. Der besøkte vi Vemork med sin spesielle krigshistorie. Gaustadtoppen var neste stopp der vi tok tunnelheisa til topps. Dette anlegget har tidlegare vore nytta av Nato.

Det var mange sletne pensjonistar som tok inn på Pers Hotell i Gol denne kvelden, men maten smakte fantastisk. Neste dag reiste vi til Valdres og Fagernes der vi tok inn på Scandic Hotel og brukte dagen etter behov.

Under siste dag reiste vi over Valdresflya før vi stoppa på Brimi Sæter der vi fekk servert vaflar og kaffi. Hans Brimi sjølv orienterte om setra si historie, før og no.

På Lom fekk vi servert lunsj før vi sette nasen heimover.

Takk til Turistbussen Ålesund V/ sjåfør Dagfinn Ørjaseter og Brigitte Åsebøstøl, som hadde styring med oss i seks dagar.

Referent: Kjell Åsmund Nilsen