I går vann Vikane IL 2-1 over Gossen IL i den første gruppespelskampen i årets Norway Cup, og dagens kamp blei ikkje mindre jamn enn den som blei spelt i går.

Dagens motstandar var Bækkelagets SK, turneringas arrangør, som i går spela 1-1 mot Stokke IL Stokke Vear. Ut frå rapportane blei dagens affære svært jamn, som var fysisk hard frå begge lag. Bækkelaget scora først, og 0-1 stod seg til pause. I andre omgang var der store sjansar til begge lag. Då dommaren blåste av kampen hadde begge laga scora ein gong til kvar, noko som betyr at Vikane gjekk på sitt første tap i turneringa i år.

I morgon får Vikane ein ny sjanse i det som er den siste kampen i gruppespelet, då dei skal ut i aksjon mot Stokke IL.