Onsdag vedtok formannskapet rådmannen si tilråding om fjerning av fontena frå Per Bolstad plass. Fontena, som har vore tørrlagt sidan 2013 blir fjerna under visse føresetnader:

– Fontena skal så langt det let seg gjere flyttast i eitt. Bassenget der fontena står i dag skal fyllast igjen for å få ei meir samanhengande flate. Fontena skal lagrast i påvente av eventuell ny plassering.

Under formannskapet kom Anders Magne Vik (Frp) med eit uformelt forslag om å plassere fontena i hagen ved omsorgssenteret, utan at formannskapet tok noko formell stilling til forslaget.

Rådmannen sa at fjerning av fontena vil iverksettast snarast.

I saksframlegget går det fram at Stryn kommune vil heve Per Bolstad plass til gatenivå, fjerne murane og såleis skape eit nytt topografisk landskap som knyter plassen og områda rundt saman på ein naturleg måte.

Planen er å etablere ny gangforbindelse mellom Per Bolstad plass og Petterneset/Stryneelva. Endringane inngår i forprosjektet «utvikling av Stryn sentrum – attraktive uterom»