2016 blir det beste salsåret nokon gong for Vest Buss. Verksemda som har hovudkontor i Stryn, vil ende opp med 213 selde bussar i Norge dette året.

– Dette vil gje positive tal i rekneskapen etter to vanskelege år med store strukturelle endringar, seier ein oppløfta styreleiar i Vest Buss Gruppen, Per Dag Nedreberg til Fjordingen.

- Gjennombrot i fjor haust

Salsdirektør Odd Gunnar Tunold seier til Fjordingen at gjennombrotet kom under bussmessa i Belgia hausten 2015 det Vest Buss inngjekk storkontrakt med Nettbuss. Nettbuss som største kunde har kjøpt heile 145 bussar av Vest Buss i 2016. Dei fleste av desse er i desse dagar levert. Vesentleg dreier det seg om køyring i Glåmdalen (Kongsvingerområdet), Grenland (Skien) og Jæren/Dalane.

Tunold opplyser at av 213 selde bussar i 2016, er 147 av den store typen Crossway, 27 er midibussar (Over 22 seter) og 39 er minibussar (16 seter).Det er Iveco Bus i Tsjekkia som produserer Crossway. Dei mindre bussane vert produsert i Italia og innreia i Romania og Spania.

- Også serviceavtaler

Vest Buss har i alt fem verkstader i Norge der det vert utført service og vedlikehald på bussane. Det er i Stryn, Kristiansund, Haugesund og Lillestrøm. Tunold opplyser at det i kontraktene ligg 8-10 årsavtalar på slik oppfølgjing. Årets gode resultat syner også att ved at det har vore stort press på verkstadene. Både Tunold og Nedreberg rosar Arve Espelund sitt engasjement med tectylering og reingjering av heile 150 bussar i Lillestrøm

Styreleiar Nedreberg er glad for at nedgangstidene er over:

– Vi sette oss ned med Iveco Bus og la strategien. Vi måtte legge ned verkstaden i Helsingborg og verkstaden på Otta. Dårleg datasystem vart erstatta, og vi kutta kostnader over heile linja. Iveco Bus backa oss godt opp. Det gjeld både på anbod og på den finansielle biten i den vanskelege perioden.