Ronny Bakkelid er av ein handfull personar i Nordfjord som driv aktiviteten Street Legal. Der handlar det stort sett om adrenalin og svidd gummi.

– Du kan seie det kokar godt når du står klar på startstreken. Kva pulsen ligg på har eg aldri målt, men det er høgt, seier 39-åringen frå Sandane som blir å sjå under gateracet i samband med Motorfestival Stryn 3.- 5. juni. Konseptet er å køyre bilar med store motorar raskast mogleg frå A til B. Distansen er opp

til eit par hundre meter.

– I Stryn er det 60 meter. Mykje handlar om reaksjonstid, og kor godt du klarar å koordinere kløtsj og gass. Bommar du der blir det mykje spinning og det går utover farten.

280 hestekrefter

Bakkelid kjøpte seg ein Chevrolet Camaro 1967-modell i 2012. Bilen vart bygd klar til Street Legal på Lom og selt vidare til ein kar på Tretten som Bakkelid kjøpte han av. Motoren er 350 kubikktommar og har 280 hestekrefter, fortel eigaren. Vi får vere med ein prøvetur i vårsola frå Sandane sentrum gamlevegen utover til Vereide og inn att E39. Det sug i magen når Bakkelid trykkjer klampen i botn og vi blir trykt ned i setet akkompagnert av det ein i bilmiljøet kallar gromlyd. Men sjåføren er nøye på ikkje å køyre over fartsgrensa. Ein kan ha mykje moro frå 0 til 80! Bakkelid er heller ikkje typen som børnar rundt i gatene og svir gummi, ifølgje seg sjølv.

– Nei, det er blitt strengt. Men når vi er på motorfestival rundt omkring og det er lagt opp til det, gjeld det å halde mest mogleg show. Det er laga til eigne soner der du varmar opp dekka. Då handlar det om å få hjula til å gå og lage røyk.

Skal delta i Stryn

Gateracet er av dei mest populære innslaga på motorfestivalen i Stryn. Bakkelid seier det er motiverande når så mange som 3.000 menneske kjem for å sjå dei køyre.

– Det er veldig artig! Motorfestivalen i Stryn er blitt eit veldig godt arrangement for oss som er interessert i bil. Eg har vore med og køyrt der to gongar, og har planar om å delta i år også, fortel Ronny. Før han byrja som aktiv, var Bakkelid med som tilskodar ved fleire høve. Den store tilstellinga i Street Legal her i landet finn stad på Gardermoen, og det var som publikum der han vart «biten av basillen» og bestemde seg for å kjøpe bil sjølv.

– Eg var og såg på både i Stryn og andre stader. Det inspirerte meg til å byrje sjølv. Det er noko av det som er bra med Motorfestival Stryn at det er til motivasjon for andre i distriktet her. Eg trur knapt det var nokon i Nordfjord som dreiv med dette før festivalen byrja, no er vi ein handfull aktive,

seier bilentusiasten.

Eigne konkurransedekk

Bakkelid brukar å reise til Brumunddal annakvart år for å delta i ein stor konkurranse gjennom sentrum der.

– Løypa der er 200 meter, så du har litt meir tid å gjere det på. I Stryn handlar det meir om reaksjon. Eg brukar også å reise til Ørsta på treff. Å trene på Street Legal er ikkje så lett i vårt område. Det er ingen bane der du kan sleppe hestekreftene fri. – Det beste er å vere med på løp. Det handlar heilt klart om erfaring. Elles går førebuingane ut på å sjå over bilen at alt er ok. Vi må inn til kontroll før vi får køyre. Det må ikkje leke olje, hjelmen må klarerast og du må ha heildekkande klede, seier Ronny og avsluttar:

– Det er også spesielle dekk som blir nytta i konkurransar. Stort sett køyrer eg bilen til konkurransar og skiftar dekk der. Men når eg skal så langt som til Brumunddal, tek eg han på hengar.