Opphaldsvêr og mykje nysnø kan lokke mange til fjells søndag, men det er grunn til å vere forsiktig. Det er framleis betydeleg snøskredfare (faregrad 3) både i Indre Fjordane, på Sunnmøre og i Indre Sogn søndag.

– Ferske nysnøflak treng tid for å stabilisere seg og det kan vere lett å løyse ut skred der flaka er ferske. Mest utsett er høgtliggande leområde mot sør og aust. Her kan det vere store snømengder og skreda kan bli store, skriv varsom.

Snøskredfaren i Indre Fjordane er venta å falle til faregrad 2 (moderat snøskredfare) måndag.