«Julenissens Datter: Den Magiske Tidsmaskinen» er eit fartsfylt juleeventyr for både små og store.

Lucia er tilbake i den tredje filmen om Julenissens Datter. Denne gongen må ho reise i tid i ei magisk tidsmaskin for å redde jula. Den danske familiefilmen er dubba til norsk på kinolerretet.

Det blir fleire visningar av Teddybjørnens jul, og gjensyn med den norske nyversjonen av Tre nøtter til Askepott frå i fjor.

Violent Night er derimot ingen koseleg familiefilm, men eit blodig og eksplosivt juleeventyr med svart humor.

Kva betyr det å vere på Julenissen si liste over snille eller slemme? Det har aldri vore viktigare enn i denne juleaction-komedien frå USA med den norske regissøren Tommy Wirkola (Død snø).

I romjula er det endeleg premiere på den utsette norske krigsfilmen Kampen om Narvik.

Folk og røvere i Kardemomme By og I Wanna Dance With Somebody er andre filmar som står på programmet i romjula, opplyser kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme.