Utdanningsdirektoratet jobbar no med å tilpasse eksamen til fagfornyinga og dei nye læreplanane, som kom i 2020.

– På litt lengre sikt vil direktoratet òg prøve ut alternativ til dagens eksamen, seier Per Kristian Larsen-Evjen, avdelingsdirektør læreplan vidaregåande opplæring, til Aftenposten. Direktoratet vil vidare setje i gang forsking på korleis eksamen fungerer i det norske skulesystemet. For tredje år på rad vart eksamen også i år avlyst for både 10.-klassingar og avgangselevar på vidaregåande på grunn av pandemien med mykje heimeskule. Professor og vurderingsforskar Tony Burner på lærarutdanningane ved Universitetet i Søraust-Norge, meiner pandemien har gjort det mogleg at det går an ikkje å ha eksamen.

– Mange lærarar meiner dei får meir tid til undervisning og undervegsvurdering når eksamen vart avlyst. Og mange elevar har opplevd mindre stress, seier han.

Norsk Lektorlag er likevel meir skeptisk. Leiaren i lektorlaget meiner eksamen er ei viktig brikke i eit heilskapleg vurderingssystem, men seier at dei er med på å diskutere korleis eksamen kan tilpassast dei nye læreplanane.

(NPK)