I 01-tida natt til søndag fekk politiet melding om to tilfelle av det ein må kalle utidig oppførsel på utestad. I det første tilfellet vart ein berusa mann bortvist frå Stryn sentrum. Like etter kom melding om at ein mann hadde spytta på betjeningspersonell og stukke av. Denne saka blir følgd opp av politiet.