På konkurransedag nummer tre under årets Blinkfestival har Oskar Guddal Breivik allereie fleire gode resultat å vise til på det årlege skishowet.

På torsdag deltok Breivik på det beinharde løpet Lysebotn Opp. På 7,5 kilometer blir det klatra 640 høgdemeter gjennom 27 hårnålssvingar på rulleski. Denne styrkeprøva viste Breivik seg verdig, og i klasse M17 kom han i mål på niandeplass, berre to og eit halvt minutt bak ein pallplass.

I dag var det prolog for skiskytterjuniorane, der Breivik nok ein gong gjorde det godt i løypa. Trass i åtte bom kom han inn på fjerdeplass, berre nokre få sekund bak den siste pallplassen. Finalane i juniorklassene går av stabelen i morgon tidleg.