Alle kommunar i Sogn og Fjordane vil byggje dagsturhytter. Etter å ha bolta fast sikringar i fjellet og rydda skog, kom T&R Haugen Maskin AS opp til tomta på Nakkebruna tysdag. Tomta ligg ved råsa mot Ytrehornsnakken, i terreng som er alt anna enn enkelt for belting av gravemaskin.

– Med tilstrekkeleg planlegging og sikring gjekk det fint, seier Ronny Haugen.

Ståle Hatlelid i Hornindal kommune fortel at fristen med å avdekkje lausmasse på tomta er sett til 1. september. Deretter vil ein måle ut plassering slik at leverandøren av hytta kan lage fundament og setje opp hytta i løpet av oktober.

Valet av tomta på Nakkebruna vart gjort av utviklingsutvalet, etter at innbyggjarane var inviterte til å kome med forslag.

– Her vil hytta liggje luftig og fint, om lag 15 minutts gange frå den kommmunale vegen. Dette skal vere eit lågterskeltilbod for turågarar. Hytta er på 15 kvadratmeter, utan varme eller straum. Ho vert neppe heilt ferdig i haust. Planane om å byggje biologisk do ved hytta vil blant anna kome som neste etappe, seier Hatlelid.

I heile fylket: Slik vil den nye dagsturhytta sjå ut. Alle kommunar i Sogn og Fjordane vil få minst ei slik hytte til bruk for ålmenta.
Bratt terreng: T&R Haugen Maskin AS brukte nesten ein dag på veg opp til Nakkebruna. Foto: Privat