Vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane har ei positiv utviklingpå tal elevar som fullfører og består den yrkesfaglege opplæringa, går det fram av ei pressemelding frå fylkesdirektør for opplæring.

Dei to siste åra kan fylket vise til fem prosent auke på fullførtog bestått vg2 yrkesfag for alle skulane.

Dei skulane som har hattstørst framgang er:

Stryn Vidaregåande skule - frå 76,0 % (2014) til 93,0 %(2015)

Eid vidaregåande skule - frå 83,0% (2014) til  92,0% (2015)

Flora vidaregåande skule -  frå 79,0 % (2014) til  91,2 % (2015)

Mo og Øyrane vidaregåandeskule - frå 74,0 % (2014) til 85,7 % (2015)

Fråfallet er størst frå vg2 i skule til vg3 i bedrift, ogpotensialet for auka gjennomføring er såleis størst her, seier fylkesdirektøren.

Det er nedgang i tal elevar som sluttar i løpet av vg2 på deiyrkesfaglege programma. I 2014 var det 50 som slutta i løpet av vg2mot 36 i 2015.

- Elevar som fullfører ogbestår aukar sjansane sine til å få læreplass etter vg2, men itillegg til å kvalifisere seg bør ein ha lågast mogeleg fråvær, godorden og åtferd og bestått kroppsøving med karakter, seier fylkesdirektør Bekka Skaasheim.

Alle dei vidaregåande skulane medyrkesfaglege utdanningsprogram har ordning med arbeidslivskontakt.Hovudutval for opplæring gjorde i i 2015 vedtak om at gjennomføringog overgangen frå skule til bedrift er hovudarbeidsområde.

- Dennasjonale satsinga «Program for betre gjennomføring» har gjeve romfor fylkesdirektøren til å vere tettare på dei vidaregåandeskulane med omsyn til implementering av gode rutinar forkvalifisering og gjennomføring, samt oppfølging av skulane medtanke på at dei må innarbeide gode rutinar i høve formidlinga tilopplæring i bedrift. Fylkesdirektøren har også hatt tett oppfølgingav skulane for at dei skal innarbeide gode rutinar i høveformidlinga til opplæring i bedrift.