– I tillegg er det meldt om skadeverk på ei dør på skulen og ei stor blomsterpotte som er kvelva, opplyser politibetjent Eirik Krossen.

– Politiet ser alvorleg på slikt hærverk. Det er totalt meiningslaust og unødvendig å øydeleggje for andre. Det er heller ikkje lenge sidan det vart gjort skadeverk på ein lavvo i Olden, seier Krossen.

– Det kostar mykje pengar og tid for eigarane å reparere etter slikt skadeverk. Difor ønskjer vi tips for å få oppklart sakene. Det beste vil vere om dei som har gjort skadeverket, meldar seg sjølv til politiet og gjer opp for seg. Då kan slike saker løysast utanfor straffesakssystemet, og ein kan unngå å få dette på rullebladet, seier Krossen.