Grete Hilde
Butikkeigar Studio Hilde
Utvik
– Kva opptek Grete Hilde for tida?
– Feriering på hytta i Oslo og høve til å gjere minst mogeleg.
– Ferierer du?
– Ja, eg ferierer to veker på hytta.
– Kva er di draumeoverskrift i Fjordingen?
– No kjem det gangveg på brua i Utvik.
– Tips til ein regnversdag?
– Drikke kakao, ete bollar, strikke og spele spel.
– Favorittbadeplass?
– Ved hytta på Lindøya.
– Badedrakt eller bikini?
– Badedrakt. Eg er glad i å symje.
– Din sommarhit?
– Eg har to. «Klappe, klapp» med Are og Odin og «Neste sommer» med De Lillos.
– Kva les du om sommaren?
– Lite.
– Du får sommargjester. Kva attraksjon i indre Nordfjord tek du dei helst med til?
– Butikken min, Utvikfjellet og Panoramavegen.
– Kven får di helsing gjennom lokalavisa?
– Alle dei gode kundane mine fortener ei helsing. Dei støtta meg i samband med flaumen i fjor. Dei er trivelege.