Med våren på veg, kjem det også snart ferske, norske grønsaker i butikkhyllene.

Enkelte stader kan ein allereie få tak i norske tomatar, ifølgje ein marknadsrapport frå Landbruksdirektoratet. Meir er i vente, og norsk salat vil vere tilgjengeleg om eit par veker.

Frå og med torsdag 27. april vil Landbruksdirektoratet avslutte den generelle tollnedsettinga på hjartesalat og anna hovudsalat for å legge til rette for ein god overgang frå importvare til norsk salat.

(©NPK)