Hugsar du denne Valentin-saka? Singel på Valentinsdagen? spurde Stryn Pukk i ei annonse i Fjordingen på Valentinsdagen i fjor.
- Responsen har vore heilt enorm, lo dagleg leiar ved Stryn Pukk, Rune Opheim. - Telefonen har nesten ikkje stått i ro!
Stryn Pukk delte sjølve annonsa på sosiale medium, og privatpersonar, firma, bransjetidsskrift og andre medium har respondert på den humoristiske vrien.
- Det var dei tilsette som kom på dette. Eigentleg kom ideen frå Ann-Helen Blakset, kona til ein av dei tilsette. Då var Valentinsdagen alt forbi, så vi venta til å år med å setje ideen ut i livet, fortalde Opheim til Fjordingen.
Han var forsiktig med å tilskrive salet av singel på Valentinsdagen berre til den spenstige annonsa. - Men det som er sikkert er at Stryn Pukk definitivt har kome på kartet! lo den daglege leiaren.