Havnesjef Trond Garshol seier det ikkje er rett når European Cruise Service påstår at bussavgifta på 400 kroner per avgang vart innført berre to dagar før det første cruiseskipet kom til Olden i år.

- Dette har vore ei lang sak for Nordfjord Havn, og den 5. november i fjor vart det sendt ut ei påminning om dei vedtaka vi hadde gjort. Her låg det inne vedtak om ny endring i regulativ 2016 om at busselskap skulle ileggast parkeringsgebyr på kr. 400. per avgang. Tidlegare var dette tilrådd også for 2015, men brukarbetalinga vart då utsett til 2016 sidan brukarane ikkje hadde lagt dette inn i sine budsjett, seier Garshol.

- Det er viktig å vere med på spleiselag for brukarane på kaia der det ikkje er forskjellsbehandling. Det påløper store kostnader også til sikringa som ennå ikkje er ferdig, seier havnesjefen.