70 engasjerte barn og unge i 4H var nyleg samla til superhelg med styrekurs og fylkesårsmøte. Deltakarane kom frå klubbar frå heile Sogn og Fjordane, og hadde ei sosial og kjekk helg saman, seier nyvald leiar, Camilla Nesheim frå Davik.

 4H er ein av dei største barne og ungdomsorganisasjonane i landet med 500 klubbar

– Målet vårt er å skape aktive og samfunnsengasjerte ungdomar med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Gjennom sosiale, varierte og lærerike aktivitetar, skapar vi ein flott fritidsaktivitet for born og ungdom over heile landet. Vi er mykje i naturen, lærer om  landbruk og bidreg i lokalmiljøet. Vi legg stor vekt på inkludering og å ha rom for alle som ønskjer å vere med. Vi har ingen reservebenk i 4H, seier ho i ei pressemelding.

Solstrålen 4H frå Angedalen i Sunnfjord vart kåra til «Årets 4H-klubb».