Frå midt i oktober og fire veker framover vert det halde ein kurskveld i veka i Ørsta Røde Kors sine lokale, melder Ørsta kommune.

Kurstilbodet som er gratis, er primært retta mot pårørande til heimebuande personar med demens.

Målsetjingane med denne kursrekka er mellom anna å gi pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar og metodar for samhandling som kan bidra til å auke kvaliteten på samværet. I tillegg får ein auka kunnskap om rettar og tenesteapparatet og får møte andre pårørande som er i tilsvarande situasjon.

Kvar samling har faglege innlegg og tid til samtalar og spørsmål. Det vert også pause med kaffi og enkel servering.