Utvik Vel og Utviklingslag har retta ei henvending til teknisk kontor i Stryn der dei ber om at søknaden om gangveg frå barnehagen og over til idrettsplassen i Utvik blir teke omyn til i kommunedelplanen for Utvik og at arbeidet vert sett i gang snarast råd.

Dei viser til to tidlegare søknader i 2012 og 2015, men at søknadene av ulike årsaker er lagt på venst.Utviklingslaget legg vekt på at naturleikeplassen er i eit trygt område med stor aktivitet, opparbeidd med stor dugnadsinnsats.

Utfordringa i dag er at borna har fylkesveg 60 som einaste mulegheit når dei skal ta seg frå barnehagen til uteplassen ved Storelva. Det resterande området ved idrettsplassen vil dei næraste åra bli ytterlegare tilrettelagt, poengterer Utvik Vel og Utviklingslag.