Funn av 6.600 år gamal trekolbit i Sætremyrane avslørte stor skogbrann

foto
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte eit restaureringsarbeid i Sætremyrane naturreservat i Hornindal i fjor haust. Gravemaskinkøyrar Martin Skarpodde (t.h.) fann det ein trudde var ein bit av trekol. Rune Holen frå Statens naturoppsyn dokumenterte funnet og sende biten til professor Atle Nesje for vidare undersøkingar. Foto: Thomas Thaule