Frå 1. september blir det ein felles Moodsbutikk i Tinggata i Stryn. Samtidig er det klart at Moods of Norway blir ein rein herrebutikk frå 2019.

–Det blir «back to basic» med Simen (Staalnacke) som sjefs-designer, seier Jan Egil Flo i Moods of Norway.

– Ein annan grunn til at vi går over til herrekolleksjon er at vi også driftar tjue Brandstad- butikkar som berre sel herrekle.

Flo legg ikkje skjul på at det har vore travle dagar etter at han, Simen Staalnacke og ei gruppe tilsette kjøpte Moods etter konkursen i fjor haust.

– Eit kontrollert kaos

– Det har vore travelt, eit kontrollert kaos, sidan vi opna for opphøyrssalet 6. oktober. Det var hektisk å få i gang salet, tilsette nye folk og få IT opp å gå igjen. Vi har på ein måte bygd opp alt frå botnen, og det har vore mykje fokus på nye kontraktar og sal, seier Flo, som fortel at opphøyrssalet har gått veldig bra, og at det har lagt eit godt grunnlag for drifta vidare.

– Vi kjem til å gå i pluss i 2017, kor mykje får vi kome tilbake til, seier Flo.

Endringar også i Stryn

Moods of Norway har no stengt fleire av butikkane dei hadde. Ti butikkar er lagt ned, mellom anna i Bodø, Tromsø, Trondheim og Bergen. Også i Stryn blir det endringar. Frå 1. september er det slutt for butikken i Fjordingenbygget då alt skal samlast i ein butikk i Tinggata. Kontordelen vil bli flytta til lagerbygget på Visnes.

–Raudebuda vil sjølvsagt framleis vere med vidare som ein sommarbutikk, med ope i juni, juli og august, fortel Flo. Fram til 2019 vil butikkane i Stryn vere den einaste plassen der ein kan få kjøpe barne- og damekle frå Moods.

– Frå 1. april i år beheld vi butikkane i Stryn, Langevåg og Sandnes pluss tjue Brandstadbutikkar der det er muleg å kjøpe Moodskle, seier Jan Egil Flo. Han fortel at dei har same produksjonsapparat som tidlegare, men i mindre skala:

– Vi har om lag 15 tilsette, pluss butikkpersonale.

Flo er samtidig veldig glad for at dei som ikkje vart med vidare i Oslo og Stryn no har fått seg nye jobbar.

Dei nye eigarane

Det var Jan Egil Flo, Simen Staalnacke, Kristian Hool Egge, Petter Hammer, Pål Holko og to personar frå Oslo som kjøpte Moods of Norway etter konkursen i september i fjor for å satse på nytt.

Verksemda har eit budsjett på om lag 175 millionar kroner i 2018.

foto
Pål Holko (t.v.), Kristian Hool Egge, Petter Hammer og Jan Egil Flo ser lyst på framtida til Moods of Norway. Her i butikken i Tinggata. Foto: Thomas Thaule
foto
– Frå 1. september er det slutt på butikken i Fjordingenbygget, og det blir det ein felles Moodsbutikk i Tinggata, seier Jan Egil Flo. Foto: Thomas Thaule