Landbruksdirektoratet set ned tollen for raigrasfrø tiljordbruksformål frå 13. juli.
Det er fôrmangelen etter tørken i vårog sommar som gjer at Landbruksdirektoratet endrar tollsatsen påimport av raigrasfrø. Den lågare tollen gjeld frå 13. juli til ogmed 31. juli.
Raigras er den mest brukte grasarten i Europa. TilNorge blir det årleg importert 400–500 tonn fleirårig raigras. 100–150 tonn av dette blir brukt i plenfrøblandingar, medan resten gårtil fôrproduksjon, fortel dyrkingsrettleiaren til Norsk instituttfor bioøkonomi (Nibio).
– Det var også behov for å reparere ein delenger med raigras etter dei vanskelege innhaustingsforholda i fjor,opplyser Landbruksdirektoratet. Kornareal som blir slått somgrønfôr, kan såast med raigras for å få ei hausting seint iseptember.
(©NPK)