Songarstemnet i Stryn er no opna. Det skjedde ved Stryn vidaregåande skule. 21 kor og 465 songarar mønstra på. Her var kor frå vårt eige fylke, frå Hordaland, Møre og Romsdal og frå Oslo-området.

Først gjekk kora i tog frå Strynehallen, via Bruagrenda, miljøgata og opp Myrane til Stryn omsorgsenter. Der song dei til stor glede for bebuarane "Fagert er landet" og "Når fjordene blåner". Deretter var det retur mot Strynehallen og Stryn vidaregåande skule.

Stryn Blandakor,  assistert av songarar frå Vikane, Oppstyn, Loen og Olden song "Signe den første som Nordfjord fekk skoda" (Nordfjordsongen) før leiar i blandakoret Asbjørn Gald ønskte velkomen. Han var ikkje den einaste som prisa veret, og dette stod i sterk kontrast til forholda under stemnet i Stryn i 2004. Då var det nærare 20 centimeter med snø omlag på same tida.

Leiar i stemnekomiteen, Margaret Venøy Flo gjorde greie for lange kortradisjonar i Nordfjord før ho gav ordet til ordførar Sven Flo som gav stor honnør til arrangøren Stryn blandakor og dei som spreiar glede og positivitet ved å synge i kor. Visepresident i korforbundet, Per Artur Kristensen helsa til arrangementet og gjorde det klart at songarstemna var uttrykk for sjølve kjerneverksemda i korforbundet.

Songarstemnet vart offisielt opna av Marianne Hoff som er leiar av Korforbundet, Sogn og Fjordane. Ho kalla dette for vårens vakraste eventyr. Seansen i uteamfiet ved Stryn vidaregåande skule vart avslutta med Fylkessongen før alle gjekk til lunsj.

I skrivande stund er det Singers Corner fleire stader i sentrum. Etterpå vert det profankonsertar både i kulturhust og på Stryn vgs.

Det må leggast til at Stryn Musikklag og korpset i Hornindal var sterke instrumentale bidragsytarar under opninga.