I løpet av året håpar Stryvo Group AS i Stryn å kunne starte produksjon av bølgjekraftanlegg i dei nedlagde verftshallane på Fiskåholmen i Vanylven kommune. Dei har inngått partnarskap med den sterke svenske teknologibedrifta Waves4Power. Sam stundes har dei skrive under leigeavtale med Vanylven kommune om å nytte dei to verftshallane på Fiskåholmen til produksjon.

- Kontakt i knapt eitt år

Paul Otterdal (43) vart ved nyttår tilsett som leiar for olje- og gassdivisjonen i Stryvo AS. Honndølen har 20 års erfaring frå Subsea innan engineering og prosjektleiing. Av desse 15 år i Aker.

I det spennande prosjektet på Fiskåholmen, er han prosjektleiar for Stryvo.

Han fortel at Stryvo i knapt eitt års tid har hatt kontakt med Waves4Power.

- Korleis kom samarbeidet med Waves4Power i stand?

- Styreleiaren vår, Oddvar Strand har vore viktig i den prosessen. Han er ein tung industriaktør, mellom anna i Rovde Shipping og har eit stort kontaktnett. Det svenske selskapet, som har over 30 års tung industrikompetanse, hadde merka seg den maritime kompetansen på Nordvestlandet, og Stryvo er eit bra namn. Over tid har vi no saman med Waves4Power jobba for å sjå på Fiskåholmen som produksjonslokasjon for bølgjekraftsystem, seier Otterdal.

Testbøye på Runde

- Waves4Power hadde lenge planar om å leggje ut ein bøye for testing på Nordvestlandet. I februar i år installerte dei ein slik ved Runde. Denne er 80 tonn, er 42 meter høg og er designa for 24 meter høge bølgjer. Den har tolt både orkan og stormar. Den skal liggje i testmodus til over vinteren 2016/2017.

- Produksjon av bølgjekraftanlegg kan bli ein ny industri med betydeleg antal arbeidsplassar. Bølgjekraft dreier seg om grøn energi med eit potensiale til å dekke 10 prosent av det globale energibehovet. På Fiskåholmen er vi i gong med å planlegge etablering av eit eige produksjonsselskap til føremålet.

Mellombels produksjon

- Kva skal hallane på Fiskåholmen nyttast til før produksjonen startar opp?

- Vi skal ha samanstilling og uttesting av sjøvassfilter som er produsert i Bismo. Dette er innretningar som skal filtrere sjøvatn som blir pumpa inn i olje- og gassbrønnar for å auke utvinningsgraden. Filteret er så stort at det måtte delast opp før transport til Fiskå. Elles jobbar Stryvo saman med ABB for å produsere Subsea tankar designa for operasjon på 3000 meter havdjup. Leveransen inngår som ein del av eit større forskings- og utviklingsprosjekt innanfor Subsea kraft, seier Otterdal.