– Vi startar opp klokka 22, seier quizgeneral Ove Andre Aarskog. Med seg i studio har han Johnny Hjelle, John Os og Odd Martin Mørk.

– Vi stiller med spørsmåla. Alle kan delta, og vi synest det er veldig kjekt om folk vil bli med. Fredagsquizen er uhøgtidleg moro, og det er ikkje farleg å vere med, seier Ove Andre Aarskog og Johnny Hjelle.

Ein kan melde seg på via SMS (telefonnummer 99 59 57 79) på førehand, og Radio Stryn ringjer opp att deltakarar når det blir deira tur.

Ove Andre Aarskog (t.v.) og Odd Martin Mørk er blant quizmasterane fredag. Foto: Thomas Thaule