Saman med NVE og Meteorologisk institutt har Statsforvaltaren hatt møte både laurdag og søndag med alle kommunane i Vestland, naudetatane og andre beredskapsaktørar.

– Nedbørsintensiteten var noko lågare i natt, men det er venta svært mykje nedbør utover dagen. Varsla om nedbør og skred- og flaumfare gjeld difor vidare, varslar Statsforvaltaren i ei pressemelding søndag.

Ei rekkje vegar er framleis stengde på grunn av skred, flaum, overvatn og fare for skred.

– Gravemaskina som i går vart tatt av eit skred på Måge i Ullensvang, illustrerer kor farleg det kan vere å starte arbeid for tidleg. NVE og Statsforvaltaren vil difor oppmode på det sterkaste om at folk ventar med å gjere oppryddingsarbeid før skred- og flaumfaren har blitt lågare, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Statsforvaltaren seier det er viktig at folk som er stengd inne, eller på andre måtar er hindra av skred og flaum, melder frå til kommunen eller politiet viss situasjonen er vanskeleg.

Ved fare for liv og helse må naudnummera 110, 112 og 113 nyttast.