Rett etter at bingo-vinnarane er gratulert torsdag kveld, held Ove Andre Aarskog fram med julesending - då i tospann med Roy Aron Brenvik Myklebust. Saman vil dei syte for godstemning og førjulskos, godt hjelpa av musikk og gjester i studio.

– Torsdag er det på tide å kjenne skikkeleg på julestemninga, samstundes som det er litt tid att til å få unna dei siste førebuingane. Vi håpar difor at mange vil setje av halvannan time ilag med oss, seier Roy Aron B. Myklebust, som lovar både skjemt og litt alvor i sendinga.

I studio får dei besøk av Marit Sandnes Skrede, som vil fortelje litt om korleis Frivilligåret 2022 har arta seg i Stryn, og korleis det har gått med spleisen til Ukraina.

Duoen set også fokus på det som vart årets «god-sak» i Fjordingen i 2022. Mest lest nettsak, med positivt forteikn, er nemleg historia om Fredrick Egge Eimstad som heidra bror sin i paraden under Motorfestivalen. Ei sak med eit trist bakteppe, men med ei fin og rørande handling som mange lesarar ønskte å få med seg. Egge Eimstad kjem i studio torsdag kveld.

Går alt etter planen vert det også ein telefon til det store utlandet, for å høyre korleis ein stryning feirar jula der.

Få med deg Førjulskos på Radio Stryn, etter bingoen torsdag 22. desember, ca. klokka 21.30.