Det er Aftenposten som torsdag skriv at fleire større vegprosjekt nå er ute av Nasjonal Transportplan i perioden 2025–2030.

Kommunikasjonssjef Kjell Solem i Statens vegvesen seier mellom anna med dette til Aftenposten i ein e-post:

– Vi ser at det er mange prosjekt som tidlegare har lege inn i NTP, som ikkje kan realiserast i perioden 2025–2030.

Mellom dei er altså riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn.

Svein Sunde i Gode Vegar tek kontakt med Fjuken for å presisere at det slett ikkje er slik at «Strynefjellet» er ute av NTP.

– Seinast i fjor haust gjekk Stortinget inn for at alternativ B1, med ny tunnel og arm til Geiranger, skulle vera med i porteføljen i NTP. Det er Statens vegvesen som har signalisert at dei ikkje har rom for denne utbyggjinga. Likevel, rv 15 er ennå inne i NTP, og blir det fram til behandlinga av denne skal opp sommaren 2024. Da er det opp til Stortinget å bestemme, presiserer Svein Sunde.

Saka vart oppdatert 4. mai. kl. 14.11