Vedkommande ringte sjølv inn, og varsla naudetatane. Personen låg i bratt terreng, og det var kjent kvar han ligg, melde Vest politidistrikt kl. 13.23.

Personen, som er ein mann i 20-åra, skal ha blitt skada i ein fot. Redningshelikopter var på staden for å hente ut mannen i 15-tida.

Politiet deltok ikkje i aksjonen.

Klokka 15.39 melde Vest politidistrikt at pasienten er henta ut frå området.