Denne veka sa Gjelsvik til Klassekampen at dagens reguleringar grunngitt i vern av natur gir kommunane for lite handlingsrom i utbyggingssaker. Han ønskjer eit meir differensiert strandsonevern, der kommunane i større grad kan bestemme sjølv ut frå lokale behov.

Norsk Friluftsliv , som er fellesorganisasjonen for 18 store friluftslivsorganisasjonane i Norge, liker ikkje det dei høyrer frå statsråden.

– Strandsona er eit av dei mest attraktive friluftslivsareala til kommunen, og betyr mykje for folks trivsel og helse. Det er viktig at ho er tilgjengeleg for folk flest, ikkje berre for nokre få. Dette er òg eit uttalt nasjonalt mål, og er grunnen til at vi heilt sidan 1950-talet har hatt det generelle byggjeforbodet i 100-meterbeltet, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Trass i det generelle forbodet mot utbygging i strandsona blir området stadig bygd ned. I dag er over ein tredel bygd ut.

For å verne folks tilgang til sjø og kyst meiner Norsk Friluftsliv at det trengst større politisk vilje til å handheve det generelle byggjeforbodet.

(©NPK)