Ungguten, som for tida går på Sunnfjord folkehøgskule, signerte kontrakt med Førde før helga.

Eliteserieklubben har vore ein leiande klubb i Norge i mange år, og står mellom anna med tre seriegull, sist i 2016 då dei slo Nyborg i seriefinalen.Førde vann også den norske cupen sist sesong.

Champions league

Klubben til Raftevold er komande sesong kvalifisert for Europacupspel og Champions League. Det betyr forhåpentlegvis også fleire turar utanlands for den talentfulle 20-åringen frå Innvik.

Toppvolley Norge

Oskar Raftevold har tidlegare spelt for Breimsbygda, Jølster og Sunnfjord IL. Utanfor fylket har han kampar for Kristiansund VBK og Koll. Han har også vore elev ved Toppvolley Norge, som har tilhald i Sand i Rogaland. Sportsleg er skulen også base for volleyballforbundet si juniorlandslagssatsing.

Ambisjonar

Raftevold har vore i bruttotroppen på aldersbestemt landslagsnivå, men han fortel at han ikkje har fått landskampar internasjonalt enno. Likevel har innvikaren ambisjonar om å nå så langt som muleg.

– Proffspel i utlandet er ein draum eg har, men i første omgang er ambisjonen å spele meg inn i startoppstillinga til Førde. Deretter vil eg eventuelt sikte meg inn mot seniorlandslaget, seier Raftevold. Han har sett seg fleire mål for den komande sesongen.– Styrken min er nok angrepsspelet, det er der eg får utnytta fysikken min. Målet for sesongen er å forbetre mottak, forsvar og serve, då dette er meir tekniske delar av spelet. I tillegg blir det mykje spenst- og generell styrketrening, fortel ein spent Oskar Raftevold.