– NEBB-generatoren frå 1944 har gjort sitt og vil bli demontert med det første og mest truleg selt som skrap, seier stasjonsmeister ved kraftstasjonen, Paul Andreas Hatledal.

Døgnet rundt

I 30 år har Hatledal hatt hovvudoppsynet med maskina som har vore stabil og rusla og gått døgnet rundt i over 70 år.

– Maskina har berre blitt stoppa når det har vore behov for vedlikehald. Totalt er det snakk om rundt 25 timar pr. år med stopp fortel stasjonsmeisteren, som kjenner maskina særs godt.

– Eg kan høyre på lang avstand om noko er gale, ja.

Ny maskin

Ein ny, topp moderne generator vil vere på plass i løpet av sommaren, og det er firmaet BNTurbin som leverer den nye maskina og som vil setje den opp. Paul Andreas Hatledal kjem til å vere med på delar av den prosessen for å bli kjent med maskina.

– Dette arbeidet skal vere ferdig når ny rørgate er på plass opplyser Hatledal, som seier at det no blir eit halvt år utan kraftproduksjon ved stasjonen.

Større kapasitet

– Den nye maskina har ein vesentleg større kapasitet enn den gamle, om lag to og ein halv gang større, fortel Hatledal. Generatoren som har vore i bruk til no har ytt 0,6 MW, medan den nye har ein kapasitet på rundt 1,4 MW.

Eit stykke historie

Sjølv om Hatledal har hatt hovudoppsynet ved kraftstasjonen i mange år, så ser han fram til at gamalt utstyr blir bytta ut til fordel for nytt.

– Den gamle maskina kunne gått i mange år til, men meir kraftproduksjon krev nytt. Men det er klart at det er eit vesentleg stykke historie til Stryn Energi som NEBB-generatoren har vore med på. Dalane kraftstasjon var til dømes hovudleverandør av kraft i Stryn fram til Firdakraft kom på bana på 50-talet, fortel Hatledal, som protokollfører kraftproduksjon, vasstilgang og temperatur for hand.

Har starta arbeidet med ny rørgate

Straks etter at Paul Andreas Hatledal stengde av for straumproduksjonen ved kraftstasjonen måndag sette Per Hatledal og Anne-Lise Hatledal i gang med å demontere rørgata som har vore i bruk sidan 1920.

– Vi har fjerna om lag 130 meter med rør så langt, opplyser Per Hatledal som er hovudentreprenør for rørgateprosjektet kostnadsrekna til sju millionar kroner.

700 meter

Totalt skal Hatledal demontere 700 meter med gamle stålrør og erstatte desse med større rør i glasfiber. Den nye rørgata skal ikkje gå i dagen som den gamle, men ligge to til fire meter ned i bakken.

Held tidsplanen

Per Hatledal seier at det meste går etter tidsplanen.

– Vi demonterer rør fortløpande. Etter påske blir det ein til ein og ein halv månad med sprengingsarbeid. I mai tek eg sikte på å lage til grøfter og anleggsveg, deretter legg vi nye rør i slutten av juni, opplyser Per Hatledal.

Kraftstasjonen skal etter planen vere i full drift frå 15. september i år.

Paul Andreas Hatledal har vore stasjonsmeister ved Dalane kraftstasjon i 30 år. No ser han fram til at den nye, moderne maskina kjem på plass i sommar. Foto: Thomas Thaule
Per Hatledal og Anne-Lise Hatledal er godt i gang med demontering av 700 meter rørgate. Foto: Thomas Thaule