Trass i rekordkort sesong med berre 16 dagar med drift, er det lyspunkt for drivarane av Stryn Sommerski som er som ein institusjon å rekne i Stryn.

Stryn sommerski Det varme vêret har ført til rekordfart på snøsmeltinga. Søndag var det siste dag etter 16 dagar med drift. Foto: Roger Oldeide

Det varme vêret, som er å skulde for den korte sesongen, er og årsaka til at det har vore ganske godt besøkt sidan pre-opninga 26. mai.

Nøgd, trass alt: Idar Aaboen ser allereie fram til neste år med nytt tilbod som vil strekke sesongen. Foto: Roger Oldeide

Han legg ikkje skjul på at det har vore utfordrande med ein så kort sesong. Det kostar mykje pengar å starte opp ein ny sesong og det leggast ned veldig mykje arbeid. Det varmar difor godt når han og dagleg leiar Nina Lensebakken ser at folk hyggar seg i strålande sol på høgfjellet.

Eit Paradis: – Stryn sommerski er eit paradis, men det burde vere gondol opp til Kvitlenova, seier f.v: Finn Morten Andresen, Christian Schau, Pelle Gangesskar og Anders Skogum frå Stor-Oslo som har besøkt Stryn Sommerski i årevis. Foto: Roger Odleide

-

Eg trur folk har kosa seg skikkeleg her. Eg blir varm om hjartet på dagar som dette. Det er slike dagar som dette som er litt av drivkrafta vår, seier Aaboen når Fjordingen er på besøk laurdag.

Det var mange som fann vegen til Stryn sommarskisenteret under sesongavslutninga. Foto: Roger Oldeide

Sommarskisenteret ser allereie fram mot 2019 med nytt

tilbod om Catski

, noko som vil kunne strekkje sesongen betydeleg.

Foto: Roger Oldeide
Høgfjellssol: Fleire hadde funne seg til rette i høgfjellssola. I midten sit reiselivssjef Marita Lindvik. Foto: Rogr Oldeide