Totalentreprenør HS Bygg AS fekk mange lovord for måten dei gjennomførte utbygginga av Stryn omsorgssenter. Strynefirmaet står også for oppføring av Coop-bygget og Hoven Loen.

- Eg er mektig stolt av  at vi har ei slik verksemd i Stryn, sa ordførar Sven Flo under den offisielle opninga av omsorgssenteret, som har prislapp på 200 millionar kroner.

Egil Erdal, kommunen sin prosjektleiar som har jobba tett mot HS Bygg i to år, takka for godt samarbeid. Og han drog fram eit poeng som utan tvil er ein av suksessfaktorane til verksemda.

- Et er ekstra gledeleg at HS Bygg satsar på unge fagleg sterke folk. Det er god,  langsiktig strategi,  hevda Egil Erdal. Som la til:- Eg har aldri vore på ein byggeplass med så stor grad av orden og ryddigheit.

Knut Arild Løvdal takka for dei gode orda, men gjorde det også klart at HS Bygg er avhenging av sine underleverandørar.

- Utan slike dyktige samarbeidspartnarar kunne vi ikkje teke på oss så store prosjekt, understreka Knut Arild Løvdal.

Byggjeleiar Egil Erdal takka HS Bygg for godt samarbeid. Foto: Harald Vartdal