Onsdag like etter klokka 12 kunne nesten heile Vestlandet merke eit jordskjelv. I følge emsc skal skjelvet ha vore 3,3 på Richters skala, medan Norsar oppgir skjelvet til å ha ei styrke på 4.

Seismolog hjå Norsar, Bettina Goertz-Allmann, opplyser til NRK at skjelvet at kjerna for skjelvet skjedde 60 kilometer nordvest for Florø.

Skjelvet skal ha skjedd på 10 kilometers dybde.

Avdelingsleiar Ben Dando i Norsar, opplyser til Sunnnmørsposten at over dei siste 20 åra har det vore 15 jordskjelv i dette i området med styrke over 3,5.

Merka det godt i Stryn sentrum

Anne Margrethe Tonning, som bur i Tonningsgata i Stryn sentrum, var ei av dei som kjende skjelvet godt.

– Eg sat i stova å såg på TV før det brått begynte å riste i heile huset og det klirra i glasa. Vi er vande med tunge lastebilar som køyrer forbi her, men dette var mykje verre. Dette må vere eit jordskjelv, tenkte eg og noterte meg klokkeslettet som var 12.03. Eg trur det må vere mange som har merka dette, fortel Tonning til Fjordingen.

Ho er ikkje åleine om det. Fjordingen erfarar at folk i heile Stryn kommune og i Hornindal skal ha merka jordskjelvet onsdag.