Det er meldt mykje nedbør i både Vestland og Rogaland dei kommande dagane.

– Dette kan medføre glatte vegar frå og med torsdag kveld og gir fare for flaum og skred utover helga, som igjen kan resultere i at vegar må stenge på kort varsel, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

Dei oppmodar alle som skal ut på vegen, sjekke vêr- og føreforhold og følgje med på trafikken på www.vegvesen.no/trafikk, som har oppdatert informasjon til kvar tid. Statens vegvesen opplyser at dei følgjer situasjonen nøye og set inn tiltak viss og der det blir nødvendig.

Frå og med fredag blir det meldt om fare for mykje regn på gult nivå som kan føre til flaum og jord- og sørpeskred. På laurdag blir farevarselet oppjustert til oransje.

I fjellet kjem nedbøren som snø. I kombinasjon med mykje vind kan det vere fare for snøskred.

– Dei som skal reise over fjellet, må vere førebudde på at fjellovergangar kan bli stengde eller at det blir innført kolonnekøyring på kort varsel.

Varselet vil i første omgang vare til og med søndag.

(©NPK)